Yoga for gravide

Lesson description

Sommerfugl

Velkomen til dette online kurset med yoga for gravide.

Då vi måtte stenge ned pga korona i mars 2020, laga eg undervisninga på video slik at dei som gjekk på kurs fekk fullført kurset på den måten. Desse videoane tilsvarer den undervisninga eg/vi har hatt på våre kurs for gravide i mange år.

NB! Når du følger desse videoane, er det viktig at du lytter til kroppen din og gjer dei øvelsane som du kjenner at du klarer. Viss øvelsane gir vonde smerter, så modererer du øvelsen eller hopper over den. Når du tøyer i ei yogastilling vil det vere ein viss grad av smerte, men det skal vere ei "god" smerte og ikkje vondt  - vondt. Viss det er noko du er usikker på, gjerne ring til meg på 95726168 eller send ein epost til audhild@staging.askyoga.com.

Kurset har ein gjevn progresjon og ein del øvelsar blir gjenteke fleire gonger i løpet av kurset. Start med å bruke videoane i nummerert rekkefølge. Ta deg tid til å høyre introduksjonane første gangen. Seinare kan du hoppe over introduksjonane. Videoane er laga slik at du lett kan hoppe vidare til neste seksjon. Klikk på dei tre vassrette strekane nede til høgre i videobildet.

Ein yogatime på kurs varer ca 1 time og 30 min og desse videoane er derfor ganske lange. Det er bra viss du tar deg tid til å gjere heile programmet, men du kan fint gjere deler av videoen og få eit godt yogaprogram. Sjå forslag eg har satt opp til kvar video.

I løpet av kurset blir ulike temaer tatt opp som smerte, pust, avspenning, fødestillingar og trening av bekkenbunnen. På den siste videoen blir heile fødselsforløpet gjennomgått med veiledning i korleis du kan bruke det du har lært som nyttige verktøy under fødselen.

Yoga er en behagelig måte å trene kroppen sin på når du er gravid, men yoga er meir enn det. På våre kurs lærer du også korleisdu kan bruke yogastillingar til å øve deg på å oppleve smerte på en god måte. Du lærer korleis pusten hjelper deg til å være avspent og du lærer ein god pusteteknikk du kan bruke under fødselen. Kurset er eit forløp med progresjon. Vi starter med enkle øvelser som er nyttige for gravide. Yoga styrker og mjuker opp kroppen. Øvelsane løyser på ein varsom måte opp for unødvendige spenningar. Velvere er noko av det første ein kjenner som ein verknad av yoga. Nokre yogaprogram er meir krevande og nyttige med tanke på å kome i god form til fødselen.

Yoga for gravide - 1. gang

Nybegynner yogaprogram, meditativ pust og avspenning.

Instruksjon: Audhild | Elev: Lise | Varighet: 1 time 20 min

Denne videoen er introduksjon til kurset med eit kort program med begynnerøvelsar som er gode for sirkulasjonen i beina, i armane og skuldrane. Du lærer soløvelsen tilpassa gravide, bølgepusten, den meditative pusten som er veldig nyttig når du skal føde og til sist ei avspenning. Ta deg tid til å høyre introduksjonen til kurset og til den meditative pusten første gang du ser videoen. Nede i høgre hjørne på videobildet finn du kapittelinndeling ved å klikke på dei tre vassrette strekane. På den måten kan du lett hoppe fram eller tilbake i videoen og variere eller lage kortare program. Nedanfor finn du to forslag med enkle stikkord til øvelsane.

Her er forslag til kortare program:
Program A
2. Avspenning
3. Venepumpeøvelsar - bøye og strekke tær, føter, beina
4. Katten - stå på alle fire og svaie og krumme ryggen
5. Sommerfuglen - fotsolane mot kvarandre inn mot skrittet og vippe knea lett opp og ned
6. Halv sommefuglen
7. Sitte på huk
8. Tøye hoftene - skyve knea utover med albogane og underarmane
9. Hendene, armane og skuldrane - bøy og strekke
13. Avspenning

Program B
2. Avspenning
10. Soløvelsen
11. Bølgepusten
14. Meditativ pust

• 01:20:08
• 0%